Publisert 13. juni 2007 14:52:15 av Jørund Fet
Volda vidaregåande skule har fått tilsegn på løyvingar frå Møre og Romsdal fylke for å tilby kurs i fag som gir generell studiekompetanse. Kursa vil starte opp i slutten av august.
Aktuelle kurs er:
· Nyare historie
· Matematikk
· Naturfag
· Samfunnslære
· Norsk
· Engelsk
Desse kursa stettar kravet til generell studiekompetanse, som kvalifiserer til studium på høgskule- og universitetsnivå.
Interesse og påmelding vil avgjere kva kurs som vert starta opp.
Kursa vil gå på kveldstid. Det er inga kursavgift, men du må betale for lærebøker og studiemateriell.
Ta kontakt med oss slik at vi kan vurdere kva rettar du har etter Opplæringslova for å få fullført vidaregåande opplæring. Vi kan også gjere realkompetansevurdering av di tidlegare utdanning og praksis innanfor dei faga vi tilbyr på skulen.