Går du Vg2 og ønskjer å selje lærebøkene dine?

Det er bestemt at alle Vg2-elevar skal få gratis trykte og digitale læremiddel når skulen startar til hausten. Dette betyr at også lærebøker skal vere gratis. Dersom du går Vg2 ved Volda vidaregåande skule i år og har handsama bøkene dine fint, ønskjer skulen å kjøpe dei av deg.

Dersom du ønskjer å selje bøkene dine, betaler skulen halv pris for Vg2-bøker som er i såpass god stand at dei kan brukast oppatt. Hugs å gå gjennom bøkene og viske ut eventuelle blyantmerke før dei vert leverte inn.

Du må oppgi namn, adresse, klasse og kontonummer på eit skjema over selde bøker. Desse personopplysingane må vi ha for å betale ut pengar til deg. Pengane vert sette direkte inn på bankkontoen din. Skjema som skal fyllast ut kan du laste ned frå peikaren under eller du kan få det av kontaktlæraren din.

SKJEMA BRUKTE LÆREMIDDEL Vg2 08

Om du ikkje veit nyprisen på bøkene dine, kan du sjekke på den aktuelle boklista for Vg2 07/08 på heimesida under Om skulen .

Bøker og skjema vert tekne imot på biblioteket måndag 16. juni – onsdag 18. juni kl. 09:00 11:30 og torsdag 19. juni kl. 09:00-10:30. Det vil også vere mogleg å kome med bøker etter dette i vanleg opningstid, måndag-torsdag 08:30-15 (stengt fredag). Absolutt siste frist er måndag 30. juni.

Nokre lærebøker kan ikkje seljast, ei bok er ny og nokre bøker meiner faglærarane ikkje bør seljast. Eitt programfag på Vg2 ST vert ikkje tilbode neste år.

Desse lærebøkene kan ikkje seljast:

  • Norsk Vg2 ST og MD
  • Historie Vg2 ST og MD
  • Kroppsøving for Vg2 ST og MK
  • Programfagbøker på Vg2 MD
  • Programfagbøker på Vg2 MK

Denne læreboka er ny (du kan dermed ikkje selje dei du har hatt på Vg2):

  • Anflug 2 Tysk I (C-språk) - Weitblick 1 går ut

Følgjande programfag på Vg2 ST vert ikkje tilbode neste år:

  • Samfunnsøkonomi 1

Faglærarane meiner du ikkje bør selje bøkene i følgjande fag, om du skal halde fram med faga:

  • Biologi
  • Fysikk
  • Kjemi
  • Matematikk
  • Rettslære

  • Søk:

Kontaktinformasjon:

Volda vidaregåande skule
Vevendelvegen 35
6100 Volda
Tlf: 70059300
Fax: 70059350
E-post: Post til skulen
februar 2012
man tir ons tor fre lør søn
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29      


Classfronter


Alt innhald tilhøyrer Volda vidaregåande skule. Sida er utvikla med eZ publish.