Framtiden i våre hender

Steinar Lem på besøk ved Volda vgs.

Tysdag 30. januar var talsperson for Framtiden i våre hender, Steinar Lem, gjest hos 3SK (3. klasse samfunnskunnskap) og lærar Tjalve Sørheim. 2SA (2. klasse sal og service) med lærar Steinar Holstad var også til stades.

Lem heldt eit tankevekkjande føredrag, tettpakka med fakta om forureining, men også med mange eksempel på kva vi kan gjere, både som nasjon og kvar enkelt, for å få ei betre utvikling.

Han sa m.a. at den aukande avstanden mellom fattig og rik ikkje berre er eit moralsk problem, men eit tryggleiksproblem og eit miljøproblem. Hovudårsakene til fattigdomen er faktisk ikkje Vesten sin politikk, men korrupsjon og kvinneundertrykking i U-landa.

Vidare snakka han om dei fire problematiske B-ane i miljøsamanheng:

  • Biff - Vi et stadig meir kjøt, og å produsere eitt kilo kjøt forureinar mykje meir enn eitt kilo grønsaker.
  • Bil - Vi fraktar meir og meir varer med bil, og privatbilismen aukar stadig.
  • Bolig - Husa våre blir stadig større og meir luksuriøse.
  • Boeing - Nordmenn reiser svært ofte og langt med fly.

Elles sa han at Noreg kjem nest sist som miljøvennleg nasjon på ei liste over 10 land der resten av Norden og vestlege industriland er med. Berre USA er bak oss.

Ein rapport frå britiske Stern syner at 1% av BNP per år er nok til å snu den negative miljøutviklinga, og at ein reduksjon til halvparten av dagens miljøutslepp er fullt mogleg på 20-30 år.

Han meiner at det er teikn til at vi er på eit vippepunkt i utviklinga no, fordi industrien i USA uroar seg for innteninga i framtida.

Steinar Lem ba til slutt tilhøyrarane om å spørje seg sjølv: Kva kan eg gjere?

Under har vi sett inn eit par bilete frå føredraget på rom 304:


  • Søk:

Kontaktinformasjon:

Volda vidaregåande skule
Vevendelvegen 35
6100 Volda
Tlf: 70059300
Fax: 70059350
E-post: Post til skulen
juli 2010
man tir ons tor fre lør søn
      1 2 3 4
5 6 7 8 9 10 11
12 13 14 15 16 17 18
19 20 21 22 23 24 25
26 27 28 29 30 31


Classfronter


Alt innhald tilhøyrer Volda vidaregåande skule. Sida er utvikla med eZ publish.