Publisert 22. juni 2010 13:23:59 av Inge Kvamme
Då lærings- og meistringssenteret ved Helse Sunnmøre fekk seg nye møblar til kursrommet, fann dei ut at også veggane trengde ei fornying.
Med stikkorda læring, meistring, glede og fargar fridde dei til fotoelevane på PTF ved Volda vidaregåande skule. Det viste det seg at dei gjorde lurt i.
Tysdag 15. juni var det "avduking" og elevane skreiv kontrakt med Helse Sunnmøre om korleis bileta skal bli brukt.
Her kan du sjå nokre av bileta og fotografane frå Volda vgs