Publisert 21. juni 2007 22:49:28 av Inge Kvamme
Fredric Bjørdal (17) er vald til ny leiar av ungdomspanelet i Møre og Romsdal, medan Kristine Hollingen (17) er ny nestleiar. Valet blei gjort på ungdomspanelets møte i Ålesund.
Både Fredric Bjørdal og Kristine Hollingen er inne i si første periode i ungdomspanelet. Dei tek over leiarverva etter høvesvis Marit Fladvad og Anderas Oterhals, som begge flytter frå fylket til hausten.
Panelets nye leiar, Fredric Bjørdal, er frå Ørsta og går på Vg1 musikk ved Volda vidaregåande skule, der han er elevrådsstyremedlem og tidlegare ungdomsråds- og elevrådsleiar. Som leiar av ungdomspanelet ønskjer Fredric å jobbe for lovfesting av ungdomsråd, og sikre at alle kommunane i fylket får eit ungdomsråd som fungerer, då han meiner det er viktig at ungdom får sin eigen arena der dei kan seie meininga si og bli høyrde i saker som vedkjem dei.
Den nye nestleiaren, Kristine Hollingen, kjem i frå Aukra, og er leiar av ungdomsrådet der. Ho er elev ved Molde vidaregåande skule.