Eit felles brukarnamn og passord for elevane

Ved hjelp av støtte frå Uninett skal Møre og Romsdal fylke sin ungdomsportal ungweb.no bli tilknytt Feide, eit felles system for tilgangskontroll. Resultatet vil bli at elevane vil kunne logge seg på ungweb.no ein gong og deretter få tilgang til alle læringsressursane på nett.

Ungdomsportalen er utvikla på eZ publish-plattformen - eit system for administrasjon og utvikling av nettsider basert på fri programvare. Systemet er alt i bruk for nettsidene til dei fleste vidaregåande skulane i fylket.

Ungweb.no er ein felles portal for elevar i den vidaregåande skulen i Møre og Romsdal. I tillegg til elevar, er målgruppa ungdom i aldersgruppa 15 - 25 år. Gjennom denne portalen vil elevane få tilgang til læringsressursar frå ulike leverandørar av innhaldstenester for vidaregåande opplæring. Dette kan t.d. vere lærebøker i ulike fag, film og tv-program, ordbøker osv. For at elevane skal sleppe å logge seg på kvar enkelt teneste med ulike brukarnamn og passord, krev det at alle tenestene samarbeider om ei felles løysing for innlogging. Uninett har laga ei slik teneste, Feide (feide.no), som handterer dette.

Møre og Romsdal fylke har fått stønad frå Uninett for å utvikle støtte for Feide på eZ publish-plattformen. Dette inneber at elevane i løpet av 2008 vil kunne nå dei fleste av sine læringsressursar ved å logge seg inn på ungdomsportalen ungweb.no med kun eitt brukarnavn og passord. Fleire tenester vil kome med støtte for Feide innlogging i tida som kjem.


  • Søk:

Kontaktinformasjon:

Volda vidaregåande skule
Vevendelvegen 35
6100 Volda
Tlf: 70059300
Fax: 70059350
E-post: Post til skulen
juli 2010
man tir ons tor fre lør søn
      1 2 3 4
5 6 7 8 9 10 11
12 13 14 15 16 17 18
19 20 21 22 23 24 25
26 27 28 29 30 31


Classfronter


Alt innhald tilhøyrer Volda vidaregåande skule. Sida er utvikla med eZ publish.