Byggestart ved Volda vgs.

Torsdag 21. juni var det offisiell byggestart ved Volda vgs.

Det er snakk om ei ombygging av øvre bygget ved skulen i fire trinn:

  1. Underetasjen med ny naturfagavdeling
  2. Nye arbeidsrom for lærarane i noverande naturfagavd.
  3. Kontorfløya og vestibylen
  4. Klasseromsavdelinga

Med i pakken høyrer ny heis og ny inngang mot nord. Dei to første trinna pluss heis og inngang mot nord vil koste om lag 60 mill. kroner.

Frå fylket møtte leiar i plannemnda Olav Bratland, leiar Per Einar Langseth ved Bygge- og vedlikehaldsavd., prosjektleiar Torgrim Blø og assisterande prosjektleiar Geir Eide. Rune Eikrem møtte frå entreprenøren Veidekke. Pressa var sjølvsagt invitert, og møtte med repr. frå Sunnmørsposten, Møre og Møre-Nytt.

Alle i skulesamfunnet må belage seg på ein del støy i komande skuleår, men som Olav Bratland sa: Det må ofte bli verre før det kan bli betre.

Under finn du bilete frå byggestarten. Foto: Ronny Aam, Ståle Hansen og Inge Kvamme.

BYGGESTART VOLDA VGS 210607


  • Søk:

Kontaktinformasjon:

Volda vidaregåande skule
Vevendelvegen 35
6100 Volda
Tlf: 70059300
Fax: 70059350
E-post: Post til skulen
februar 2012
man tir ons tor fre lør søn
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29      


Classfronter


Alt innhald tilhøyrer Volda vidaregåande skule. Sida er utvikla med eZ publish.