BASIX!

Den kjende danske vokalgruppa BASIX var på besøk med skulekonsert på "Rokken" fredag 14. november. Det var to konsertar, kl. 10:25 og 11:40, så mange elevar fekk høve til å få med seg denne opplevinga. Konserten var eit tilbod frå "Kultursekken".

Med føtene solid planta i pop-, rock-, jazz-, RnB- og soultradisjonen song dei seks vokalistane i den danske gruppa BASIX seg rett inn i hjartet på publikum. Gruppa presenterte eit program som er laga for framføring på skular, og elevane fekk høyre kjende låtar i ny innpakking og nye låtar framført med glimt i auget, sjarm og vokale prestasjonar som var heilt spesielle! Gruppa har seld til platina i Danmark som første vokalgruppe, og ho har motteke prisar både innan- og utanlands.

Dei hadde m.a. ei svært spesiell songhistorisk framføring av "Bjørnen sover" og prøvde seg også på "Heim til mor" av Odd Nordstoga. Mot slutten aktiviserte dei publikum med ei discoframføring, der både kvinner og menn skulle gjere ulike rørsler og lage lydar. Eit populært innslag i skulekvardagen!

Under eit bilete frå framføringa Foto: Inge Kvamme

Om du vil sjå fleire bilete i stort format, er det berre å klikke på peikaren under.
Foto: Inge Kvamme

Basix 141108

Basix 141108.pdf 542,34 kB

Klikk her om du vil finne ut meir om BASIX.


  • Søk:

Kontaktinformasjon:

Volda vidaregåande skule
Vevendelvegen 35
6100 Volda
Tlf: 70059300
Fax: 70059350
E-post: Post til skulen
juli 2010
man tir ons tor fre lør søn
      1 2 3 4
5 6 7 8 9 10 11
12 13 14 15 16 17 18
19 20 21 22 23 24 25
26 27 28 29 30 31


Classfronter


Alt innhald tilhøyrer Volda vidaregåande skule. Sida er utvikla med eZ publish.