Aktivitetsdag 15. mai

Fredag 15. mai arrangerte Volda vgs. den tradisjonelle aktivitetsdagen i Voldahallen før 17. mai for heile skulen, men med russen i hovudfokus. Arrangementet tok til kl. 11:30 og varte ut dagen.

Det heile starta med oppstilling ute og inntogsmarsj klassevis inn i hallen, saman med kontaktlærarane. Klassene hadde faner, og som vanleg var det premiering av den beste fana. Elles var det tale av rektor, opplesing av prolog, taudragarkonkurranse, utdrag frå årets musikal "Killer Queen", kåring av æresruss, russerulle og fotballkamp mellom elevlaget og lærarlaget, der elevlaget vann etter straffekonkurranse.

Som vanleg eit vellukka arrangement, takka vere god førebuing og leiing av Tone, Trond og Lisbet.

Under kan du sjå ein presentasjon med store bilete frå arrangementet.

Aktivitetsdag 150509


  • Søk:

Kontaktinformasjon:

Volda vidaregåande skule
Vevendelvegen 35
6100 Volda
Tlf: 70059300
Fax: 70059350
E-post: Post til skulen
juli 2010
man tir ons tor fre lør søn
      1 2 3 4
5 6 7 8 9 10 11
12 13 14 15 16 17 18
19 20 21 22 23 24 25
26 27 28 29 30 31


Classfronter


Alt innhald tilhøyrer Volda vidaregåande skule. Sida er utvikla med eZ publish.