Publisert 13. oktober 2008 10:34:58 av Inge Kvamme
Elevane på medium og kommunikasjon har laga årets skuleguide. Skuleguiden er meint som eit nyttig oppslagsverk for elevar og tilsette i skulekvardagen, og inneheld namn og bilete på samtlege elevar, lærarar og tilsette ved skulen, samt informasjon om helsetenesta og PPT, rådgjevingstenesta, diverse elevorganisasjonar m.m.
I tillegg er guiden naturlegvis også eit fint minne å ha frå skuletida på Volda vidaregåande skule.
Heile skuleguiden er trykt i fargar, og har ei frisk og spanande utforming og eit praktisk format.
Vi oppmodar alle føresette om å bidra til at elevane får kjøpt eit eksemplar av årets skuleguide! Prisen på guiden vert 90,- kroner, og vert selt i kantina på skulen.
Under kan de sjå smakebitar frå skuleguiden: