2SA på tur til Ålesund

2SA Volda vgs og 2SA Ulstein vgs var på teoretisk og praktisk brannvernkurs og besøk på Color Line stadion i Ålesund tysdag 20. november.

Det var veldig kjekt. Vi lærte om korleis vi skal sløkkje ein brann. Kva vi ikkje må gjere og sånne ting. Etter teoriundervisninga fekk vi sløkkje ein brann med pulverapparat. Etter den spanande brannsløkkinga, fekk vi omvisning på 110-sentralen. Der mottek dei alle brannsamtalene i MR fylke. Dei mottek også alle tryggleiksalarmane i fylket, samt viltnemd-samtalar.

På Color Line stadion fekk vi vite litt om data-sikkerheita deira. Og fekk totalomvisning på heile bygget. VIP-avdelinga var spennande å sjå på. Der var mange spanande ting, som var spesialdesigna kun for Color Line. Heile stadion kosta 250 millionar kroner, og dei har ca 10.700 plassar.

Tekst: Kristian B. Moe

Under nokre bilete frå turen. Foto: May-Liss Hagen


  • Søk:

Kontaktinformasjon:

Volda vidaregåande skule
Vevendelvegen 35
6100 Volda
Tlf: 70059300
Fax: 70059350
E-post: Post til skulen
februar 2012
man tir ons tor fre lør søn
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29      


Classfronter


Alt innhald tilhøyrer Volda vidaregåande skule. Sida er utvikla med eZ publish.