Først ei kort orientering frå Veidekke Entreprenør AS, som er tildelt kontrakta med ombygging og oppgradering av delar av eksisterande bygningsmasse ved Volda vgs.
Så eit meir detaljert oppslag om rehabiliteringa:
Generell orientering om prosjektet
Volda vidaregåande skule har ca 500 elevar fordelt på 21 grupper beståande av studiespesialisering, medium og kommunikasjon, service og samferdsel, musikk dans og drama og Vg3 påbygging til generell studiekompetanse.
Fylkeskommunen eig tomta på ca 36 dekar. Skuleområdet er regulert til offentlege formål. På tomta er det 3 bygningar : Hovudbygget/Øvre bygget, ” Pyramiden” /Nedre bygget og ”Vaktmeisterbustaden”.
Politisk vedtak
Fylkestinget i Møre og Romsdal fylke har vedteke at Volda vidaregåande skule skal rustast opp slik at skulen får til høvelege lokale ut frå gjeldande læreplanar og fylket sin mål- og tiltaksplan / skulane sine vedtekne pedagogiske handlingsplanar. Samstundes skal prosjektet skaffe skulen tilstrekkeleg areal til å drive tilboda som er vedtekne i skulebruksplanen.
Utbygginga
Byggeprosjektet har fått nemninga K 603 Volda Vidaregåande Skule opprusting trinn 1 til 3. Opprustinga omhandlar i hovudsak rehabilitering av eksisterande areal med eit utvida areal for vestibyle og nytt inngangsparti på nord- og sørsida.
Parkering
Det er ikkje teke med utvida parkeringsareal i prosjektet.
Innhald i utbygginga
Den totale utbygginga er delt i 4 utbyggingstrinn og skal til saman føre til opprusting av heile skulebygget.
Denne utbygginga omhandlar trinn 1 – 3 og skal føre til at det vert istandsett nye lokale for naturfagsavdelinga, nye lokale for lærararbeidsplassar og administrasjon. Det skal også monterast inn heisar slik at alle etasjar i bygget kan nåast for rullestolbrukarar. Prosjektet omhandlar også bygging av tilkomst til offentleg veg på bygget si nordside og utviding av vestibyle og nytt hovudinngangsparti. Det blir også eit nytt inngangsparti på sørsida ved dei nye naturfagromma.
Under har vi lagt inn plansjar som viser den nye realfagavdelinga og dei nye lærararbeidsplassane.
Trinn 4 omhandlar opprusting av klasseromsfløya og var opprinneleg ikkje ein del av denne utbygginga. P.g.a ekstra løyvingar, vil likevel denne opprustinga bli realisert skuleåret 2009-2010. Klikk på peikarane under for å sjå teikningar av dei nye fasadane.
Gjennomføring
Før denne utbygginga startar, er det planen å oppruste dreneringa rundt bygget. Dette skal gjennomførast i eigen entreprise.
Utgraving/sprenging vil i hovudsak berøre sørsida av administrasjonsfløya. Det må også gjerast nødvendige gravearbeid for utviding av vestibylen og nytt inngangsparti på nordsida. Vegar / gangvegar skal opparbeidast med maksimal helling 1:15.
Bygningsmessige arbeid skal utførast i samsvar med HMT-planen. Det er ein føresetnad at det skal drivast skuleverksemd i bygget parallelt med utbygginga. Farlege arbeid som t.d. pcb- og asbestsanering må utførast på ein sikker måte. Likeins vert det sett krav om at betongsaging og andre liknande og støyande arbeid vert utførte utanom skuletida eller vert utførte med tilfredsstillande støydempande tiltak som gjer at arbeida ikkje forstyrrar undervisninga.
Det vert lagt opp til at heile utbygginga, del 1 – 3 kan utførast som ei kontinuerleg byggesak. Saka vert likevel oppdelt i 3 delar som skal gjennomførast kvar for seg og om nødvendig må ein gjere rekning med at byggeprosessen kan stoppast før eller mellom kvar av delutbyggingane.
Tidsplan
Den planlagde framdrifta føreset kontrahering medio april 2007 og at byggearbeida startar opp 4. juni 2007 med ferdigstilling del 1 den 10. april 2008, del 2 den 22. desember 2008, og ferdigstilling til skulestart i august 2009.
Tysdag 26. januar 2010Foto: Inge Kvamme
Stephan Hestolm underviser i eitt av dei nye klasseromma i 3. et.
Rolv Kornberg med ei lita gruppe i 3. et.
Tysdag 5. januar 2010: Foto Inge Kvamme
Lisbet trivst godt i det nye kontoret sitt.
Klasseroma i 3. et. er snart ferdige, lyse og fine - "rooms with a view".
Fredag 31. juli: Ei lita synfaring i vestibylen og i kontorfløya. Foto: Inge Kvamme
Den nye vestibylen, med glasveggar og glastak.
Eit blikk ut i regnvêret syner rullestolrampe og blomsterkasser.
Lisbet ser fram til å flytte inn på nytt og flott kontor.
Onsdag 3. juni: Legging av skifer på golvet i den nye delen av vestibylen. Foto: Inge Kvamme
Tysdag 26. mai: eit par bilete innanfrå av det nye "glashuset". Foto: Inge Kvamme
Det nye "vrimlearealet" ved arbeidsplassane til lærarane. Foto: Inge Kvamme
Bilete av vestfasaden med ny glasvegg 15. mai. Foto: Inge Kvamme
Fredag 27. mars var det ei lita synfaring på arbeidet med utvida vestibyle og ombygging av kontorfløya. Foto: Inge Kvamme
Ronny, Gerd Sofie, Anne Grete og Ingeborg framfor stålramma til den utvida vestibylen.
Diskusjon om utforminga av dei nye kontora.
Til slutt to bilete frå den nye elevinngangen mot nord.
9. januar 2009: Lærarane har flytta inn på arbeidsplassane sine og leiinga og kontoret flyttar midlertidig inn på personalrommet.
Foto: Inge Kvamme
Ingvild og Liss-Hege er godt nøgde med nye arbeidsplassar.
Under nokre bilete frå flyttesjauen frå adm.-fløya til personalrommet.
Olav demonterer raskt og effektivt.
Hybelkaniner kjem fram bak skåp og hyller.
16. desember 2008: Dei nye arbeidsromma for lærarar er ferdige og snart klare til innflytting. Monteringa av møblar startar i dag.
Under nokre bilete før innflyttinga. Foto: Inge Kvamme
Litt småarbeid står att.
Vaskekottet er litt trangt.
Ein flott dusj
Framleis nokre leidningar å kople.
Heismontøren tatt på fersken.
Den nye elevinngangen mot nord.
P.g.a. bygging av heis og nye kontor til rådgjevarar/helsesøster/PPT, måtte rådgjevarane og helsesøster flytte ut i ei brakke ved vestinngangen i slutten av april.
Foto: Inge Kvamme
I slutten av april vart den nye naturfagavdelinga teken i bruk, og under har vi sett inn bilete frå første timen i fysikk 2FY, tysdag 29. april, med lærar Per Torheim. Foto: Inge Kvamme
Foto frå 18. april, tekne av Inge Kvamme:
Undervisningsrom i den nye naturfagavdelinga
Gamalt og nytt
Nytt inngang mot sør, sett frå innsida og utsida
Nye ljos er oppsette langs vegen på nedsida av adm.-fløya.
Bilete frå 17. april, tekne av Inge Kvamme:
Per Torheim pakkar saman utstyret i den gamle naturfagfløya.
Naturfagveteran Einar Berg ser til at alt går rett føre seg.
Bilete frå 16. april. Foto: Inge Kvamme
Asfaltering av ny veg på nedsida av administrasjonsfløya.
Bilete frå 13. mars, tekne av Inge Kvamme
Drenering på oppsida av undervisningsfløya.
Bilete frå fredag 15. februar, tekne av Inge Kvamme
Ronny, Ingeborg, Eli og Lisbet på inspeksjon i den nye naturfagavdelinga.
Bilete frå november, tekne av PTF-elevar frå 1MK og 2MK
Volda vgs., eit vinterleg anleggsområde.
Den nye inngangen frå sør til naturfagavdelinga.
Tryggleiken er sett i høgsetet.
Tenestekøyring?
Bilete frå november, tekne av Ronny Aam
Klargjering av underlag for nytt golv i den nye naturfagavdelinga.
Legging av isolasjon.
Støypinga er i gang.
Bilete frå 2. oktober:
Foto: Inge Kvamme
Ronny og Roger i aksjon.
Arvid tek ein kvil medan Øystein lesser opp.
Gravinga tek til for alvor på vestsida.
Øystein smiler til fotografen.
Konsentrert gravar i spegelen.
Nokre bilete tekne i august/september:
Foto: Ronny Aam
Lastebilsjåfør Arvid Søvik og maskinkøyrar Øystein Åmelfot
Den nye naturfagavdelinga
Førebuande arbeid med ny heissjakt
Grøftegraving nedanfor administrasjonsfløya
To bilete frå byggestarten:
Leiar i plannemnda på fylket, Olav Bratland, startar ombygginga med eit symbolsk slag med slegga 21. juni 2007. Foto: Inge Kvamme
Gravinga var alt godt i gang. Foto: Ståle Hansen