100-årsjubileet 2010

Volda vidaregåande skule har røter langt attende i tid. Det opphavlege namnet i 1910 var Volda Private Millomskule og Gymnasium, det første gymnaset på landsbygda i Noreg. Seinare har skulen hatt namna Volda offentlege landsgymnas, Volda Gymnas og Volda vidaregåande skule AF.

Volda Handelsskule, seinare Volda vidaregåande skule HK, vart skipa i 1933, og var også den første på landsbygda i sitt slag. Dei to skulane vart samanslegne i 1994, og den nye skulen fekk då det noverande namnet Volda vidaregåande skule.

100-årsjubileet vart markert 8.-12. november 2010, med:

  •  måndag: konsert med musikklinja og tidlegare elevar på Rokken
  •  tysdag: kyrkjekonsert med musikklinja og tidlegare elevar i Volda kyrkje
  •  onsdag : open skule for alle  frå kl. 18 , med m.a. omvising i det oppussa øvre bygget, førsøk/demonstrasjonar, utstillingar, framsyningar, sal av jubileumsbok. 
  •  fredag: offisiell overtaking v/fylkesordførar Olav Bratland av det ferdig oppussa øvre bygget. Meir om dette under "Byggesaka" i venstremenyen.

  •  fredag: jubileumsfest for inviterte gjester

Les meir om dei forskjellige aktivitetane:

EKSTRA JUBILEUMSSTOFF PÅ HEIMESIDA

Vi hadde sett ei ramme på ca. 200 sider for jubileumsboka, og det vart ein god del stoff vi ikkje fekk plass til, i tillegg til at det var andre ting vi ikkje fekk tid til å gjere ferdig. Difor kjem vi til å legge noko av dette stoffet ut på heimesida etter kvart, og tek til i dag (14. februar 2011) med å publisere følgjande:

1. Liste over eksaminandar på gymnaset 1913-1960

Vi fekk fleire innspel på at elevlister burde vere med i boka, men vi fann fort ut at det både ville ha blitt for mykje arbeid og teke for mykje plass. Dei to samanslegne skulane har nemleg hatt mellom 10.000 og 15.000 elevar gjennom dei hundre åra.

Men noko som er overkomeleg, er å publisere lister for gymnaset dei første 50 åra. Jubileumsbøkene "Volda Gymnas 1910-1935" og "Volda offentlege Landsgymnas 1910-1960" hadde nemleg lister over eksaminandar. I den første boka var lista med karakterar, som vi har teke vekk. Den samla lista over eksaminandar 1913-1960 kan lesast/lastast ned ved å klikke på biletet av omslaget på boka frå 1960.

2. Første kullet med eksamimandar i 1913. Foto: J. Nerbøvik

Klikk på biletet for å opne eit stort bilete med namn.

3. Erling Østby: "Ungdomsminner" (Volda Millomskule 1924-1926)

4. Bergljot Lorås: "Frå Indre Namdal til Søre Sunnmøre" (Volda Millomskule 1932-1934) (Voldaminne 2009)

5. Ingeborg Ryste: "Eg hadde ei sterk lyst til å ut å lære" (Voldaminne 1988)

6. Roald Skram: "Potetferien høsten 1944".

7. Roald Skram: "Volda Gymnas - Epilog".

Lagt ut 27. juli 2011:

8. Svein Ramstad: "På skulereise til Volda etter jula 1944".

Lagt ut 6. september 2011:

9. På seminar i Praha ("Møre" 3. november 2005)


  • Søk:

Kontaktinformasjon:

Volda vidaregåande skule
Vevendelvegen 35
6100 Volda
Tlf: 70059300
Fax: 70059350
E-post: Post til skulen
februar 2012
man tir ons tor fre lør søn
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29      


Classfronter


Alt innhald tilhøyrer Volda vidaregåande skule. Sida er utvikla med eZ publish.