Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

VoldaVGS > Nyheiter > Miljødagar 13.-14. juni

Miljødagar Volda vgs. 13.-14. juni 2013

Volda vidaregåande skule vart godkjend som miljøfyrtårn i mai 2013, etter å ha oppfylt alle bransjekrava gjennom ein årelang sertifiseringsprosess. Godkjenninga gjeld i 3 år. Torsdag 13. og fredag 14. juni arrangerte skulen miljødagar for å setje ekstra fokus på miljøinnsats og samfunnansvar.

Torsdag 13. var det miljødag for elevar på Vg1 og fredag 14. for elevar på Vg2.

Elevane var innom desse stasjonane:

  • K115 med info om miljøsertifiseringa og miljøquiz
  • Vaktmeisterkontoret med info om skulen sitt enøksystem
  • ENØK-senteret i Hovden
  • VØR - Volda/Ørsta Reinhaldsverk

Torsdag 13. juni var det også høgtideleg overrekkjing av Miljøfyrtårn-diplom ved ordføraren i Volda, Arild Iversen.

Klikk her for å sjå ein presentasjon frå sertifiseringsmøtet og dei to miljødagane.
Tekst og foto: Inge Kvamme