Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

VoldaVGS > Nyheiter

Huskonsert 1.oktober

Tysdag 1. oktober arrangerte elevar frå MU huskonsert i festsalen. Her var det mange aktørar i sving, og elevar både frå MU og ST viste fram sine musikalske talent.

Les meir

Orienteringsmøte for føresette Vg2

Vi kallar med dette inn til orienteringsmøte

torsdag 5. september 2013 kl 19.00 (til ca 20.30)

i festsalen, øvre bygget

Les meir

Skulestart hausten 2013

Vi ønsker nye og gamle elevar velkomne til eit nytt skuleår på Volda vidaregåande skule, måndag 19. august, i festsalen på  øvre bygg.

Alle elevar i Vg1 møter til kl. 09.00

Alle elevar i Vg3 påbygging (PB) møter til kl. 09.00

Alle elevar i Vg2 møter til kl. 10.00

Alle elevar i Vg3 (ST, MK, MU, TK) møter til kl. 10.45

Vi vonar at du som er innteken som elev ved Volda vidaregåande skule for skuleåret 2013-2014 sjekkar ut kva skjema som kan vere aktuelle for deg å fylle ut innan 28. juli. Følg denne lenkja, eller klikk deg vidare inn på Elevtenester -> Skjema.

Les meir

Siste kveld med russen 2013

Onsdag 19. juni arrangerte Volda vgs. ein tradisjonell avsluttingsfest for elevane på Vg3. Det var godt frammøte, om lag 200 ungdommar i sin finaste stas, fylte av både glede og vemod. Biletet under viser klasse 3PB2. Klikk for forstørring.

Les meir

Miljødagar Volda vgs. 13.-14. juni 2013

Volda vidaregåande skule vart godkjend som miljøfyrtårn i mai 2013, etter å ha oppfylt alle bransjekrava gjennom ein årelang sertifiseringsprosess. Godkjenninga gjeld i 3 år. Torsdag 13. og fredag 14. juni arrangerte skulen miljødagar for å setje ekstra fokus på miljøinnsats og samfunnansvar.

Les meir

MK-OSKAR 23. mai 2013

For 2. gong var medielinja (MK) sitt årlege Oskar-show lagt til studenthuset "Rokken".

Les meir

Aktivitetsdagen 16. mai 2013

Den tradisjonelle aktivitetsdagen rett før 17. mai gjekk i år av stabelen torsdag 16. mai, med inntogsmarsj, kåring av fane, tale av rektor, taudraging, russedans, russerulle og fotballkamp mellom russen og lærarane.

Les meir

Russebilkåring 14. mai

Tysdag 14. mai gjekk den årlege russebilkåringa av stabelen. Som vanleg var juryen sett saman av tilsette, denne gongen lærarane Gunnar Aurdal, Randi Holsvik og Dace Dizbite Ose.

Les meir

Jan Terje Eidset ny avdelingsleiar

Vi melder med dette at Jan Terje har takka ja til stillinga som avdelingsleiar ved skulen. Han tiltrer stillinga 1. august. 

Les meir

1MK1 på direkten i P3morgen!

Klasse 1MK1 på Volda vidaregåande skule har lydprosjekt for tida der dei skal lage radiomagasin. For å "kome i modus" lytta dei til programmet "P3morgen" måndag 15. april, med berre lyden av radioen og blafrande telys i mørkt klasserom.

Les meir