Påminning om meningokokkvaksine for russen

Minner om at helsestasjonen tilbyr vaksine mot smittsom hjernehinnebetennelse torsdag 2. februar. Vaksineringa vil gå føre seg på grupperomma i 3. etasjen på øvre bygget.

Føring av fråvær i SkoleArena

Volda vgs. har gått attende til den såkalla "Classic"-varianten av SkoleArena til føring av fråvær. Den nyaste varianten skal framleis brukast til vurdering.

Søking til vidaregåande opplæring 2012/2013

Alle som skal søke skuleplass i vidaregåande opplæring må gjere dette på nettstaden vigo.no. Du må bruke MinID for å logge deg inn på vigo. MinID kan også brukast til andre offentlege elektroniske tenester, m.a. søking om stipend/lån hos Lånekassen, søking om frikort/skattekort hos skatteetaten eller melding om flytting til folkeregisteret.

Musikkbingane ved Volda vgs.

To nye musikkbingar vart tekne i bruk hausten 2011, til samspel- og instrumentundervisning og til øving individuelt eller i grupper.

Meningokokkvaksine til russen

Etter råd frå Folkehelseinstituttet tilbyr helsestasjonen i Volda vaksine mot meningokokksjukdom, på grupperom i 3. etasje ved Volda vidaregåande skule.
Helsestasjonen anbefaler alle å vaksinere seg!

Juleavslutning 2011

Siste skuledag før jul var tysdag 20. desember. Etter ein time med kontaktlærar hadde vi for andre gong samling i Voldahallen, med tale av rektor og gang rundt juletreet.

Vardefesten 2011

Måndag 19. desember gjekk årets Vardefest av stabelen med sedvanleg mykje pomp og prakt og slåing på både stortromma og mindre trommer. Festlokalet var nok ein gong studenthuset "Rokken".

Jul på biblioteket

Besøk biblioteket i førjulstida!
Her finn de lesestoff og filmar til juleferien, be gjerne om tips.

Kyrkjekonsert 24. november

Musikklinja sin tradisjonelle kyrkjekonsert gjekk av stabelen torsdag 24. november i år. Volda kyrkje var fullsett og den svært gode innsatsen vart krona med ståande applaus.

Skulenytt godt i gang med ny sesong!

Heimesida vil gjere merksam på at nettavisa "Skulenytt", laga av elevar i 2MK, no er godt inne i sitt andre år, med ny logo og nye elevar.

Presentasjonar frå informasjonsmøtet 17.11.

Dette informasjonsmøtet var det siste i ein "informasjonssyklus" for ungdomsskuleelevar og føresette: open dag i 9.kl., utprøving i veke 45 og altså informasjonsmøtet for føresette i veke 46.

Informasjonsmøte om studietilbodet ved Volda vgs.

Torsdag 17. november ynskjer vi foreldre/føresette til 10.-klassingar velkomne til informasjonsmøte om studietilbodet vårt kl. 19 i festsalen på øvre bygget.
Arkiv

  • Søk:

Kontaktinformasjon:

Volda vidaregåande skule
Vevendelvegen 35
6100 Volda
Tlf: 70059300
Fax: 70059350
E-post: Post til skulen
januar 2012
man tir ons tor fre lør søn
  1
2 3 4 5 6 7 8
9 10 11 12 13 14 15
16 17 18 19 20 21 22
23 24 25 26 27 28 29
30 31        


Classfronter


Alt innhald tilhøyrer Volda vidaregåande skule. Sida er utvikla med eZ publish.